Juventus - Lazio, 31.05.09, kl. 1500
Skrevet av Sverre Skram Vatne
Lørdag 30. mai 2009 kl.09:00
Nyhendene om Iaquinta og Nedveds moglege kontraktsforlengingar slo inn over oss denne laurdags morgonen, og sidan sistnemde i følge rapportane tek eit nytt år i Juventus, mista denne kampen all relevans for heimelaget. Lazio på si side er trygt plassert på tiandeplass, og kan korkje klatre eller falle på tabellen. I alle høve, dette er den 38. og siste serierunda sesongen 2008/09!
Til kampen i morgon er Sissoko, Knezevic, Molinaro og Grygera uaktuelle, medan De Ceglie og Tiago er usikre kort. La Gazzetta dello Sport trur dermed på denne ellevaren frå start,
Buffon; Zebina, Legrottaglie, Chiellini, Salihamidzic; Camoranesi, Marchisio, Zanetti, Nedved; Iaquinta, Del Piero
For bortelaget manglar Inzaghi, Manfredini, Rocchi, Zarate, Radu, Mauri, Cribari og “Juventusaktuelle” Goran Pandev. Dermed må trenar Rossi trikse og mikse for å stable eit lag på beina. Igjen, ein trur på dette,
Carrizo; De Silvestri, Diakite, Tuia, Kolarov; Lichtsteiner, Ledesma, Matuzalem, Foggia; Kozak, Del Nero
Dette er det 130. møtet desse to laga imellom, og i Torino har Juventus vore særs overlegne. Statistisk sett vinn Lazio kun ein av åtte kampar mot Bianconeri i Torino. To av åtte endar uavgjort, medan Juve vinn fem av åtte kampar på eige gras. Forrige sesong vann heimelaget 5-2 i den tilsvarande kampen, den gong laga Chiellini, av alle menneske, to mål, medan Del Piero, Trezeguet og Camoranesi gjorde eitt kvar. Ein må tilbake til 2002 for å finne den siste bortesigeren, då Fiore snudde kampen med to mål etter at Nedved hadde laga mål mot gamle lagkameratar.
Dette skulle altså vore avskjeden til verdas beste tsjekkar, Pavel Nedved, men dei seier i Italia i dag at den vesle bjørnen tek enda eit år i klubben. I staden vert kampen ein moglegheit for den ferske Ferrara til å halde fram si så langt forrykande trenargjering. Korleis vil laget prestere etter alle spekulasjonane den siste veka? Og kva om dette faktisk er den siste fotballkampen for Steady Neddy?
Det heile kan sjåast på Canal+ Sport Extra, for dei som måtte ha den kanalen. Kven som kommenterer verkar diverre umogleg å finne ut. Vêrgudane skal ikkje stå dei vene bi, det kan sjå ut som regn imorgon.
Forza Juve!