Juventus - Siena, 11.01.09, kl. 1500


Skrevet av Sverre Skram Vatne
Lørdag 10. januar 2009 kl.15:16

Med eitt var ferien over og Serie A er attende i aksjon. Juventus tek imot “blåkopien” Siena og ynskjer dei velkomne til Stadio Olimpico di Torino.

Juleferien har vore fin for Juventusstjernene, i alle fall for dei som har vore plaga av skader. Både Buffon, Trezeguet, Poulsen og Zanetti er attende i full trening, men det er kun venta at dei to sistnemnde er med mot Siena. Elles er korkje Chiellini eller Iaquinta med i troppen til søndagens kamp, dei tek plass på tribuna saman med Andrade, Zebina, Knezevic, Camoranesi, Salihamidzic, Tiago, og nemnde Buffon og Trezeguet.

Då forventer ein dette laget,

Manninger; Grygera, Mellberg, Legrottaglie, Molinaro; Marchionni, Sissoko, Marchisio, Nedved; Amauri, Del Piero

For gjestenes del manglar målmannen Curci som følgje av det røde kortet han fekk mot Inter, medan Vergassola, Rossettini, Belmonte og Maccarone er skada.

Dermed trur ein på dette laget frå start,

Manitta; Del Prete, Portanova, Brandao, Del Grosso; Jarolim, Codrea, Galloppa; Kharja; Ghezzal, Frick

Historisk sett er dette oppgjeret rimeleg ovelegent i favør Juventus. I løpet av dei åtte kampane dei to laga i mellom sidan Sienas opprykk i 2003 har Juve vunne alle i Torino og tre av fire i vakre Siena. Forrige sesong tok Robur sin fyrste siger over dei originale Bianconeri då dei vann 1-0 heime på Stadio Artemio Franchi. Det er kaptein Alessandro Del Piero som er den mest målfarlege mot Siena med sine sju mål.

Blant dagens Juventusspelarar har Manninger, Molinaro, De Ceglie og Legrottaglie vore innom Siena. Gjestene på si side har kun brassen Packer som har vore i Juventus eigne rekker per no, men å kalle han tidligere Juventusspelar er kanskje å ta litt i. Lichtensteineren Frick er alltid eit uromoment. Verd å merke seg er det og at tsjekkeren Jarolim ikkje er korkje Karel, David eller Marek, men Lukas, og godt er det. I alle høve for Juventus.

Vêret i Torino skal vere bra imorgon, men kaldt. Ein snakkar om høgstetemperatur på omlag 2 grader Celcius og vind utan betydning. Kampen går på Canal Plus sin kanal Sport 2.

Forza Juve!