Den dagen då Juventus slo Inter 9-1...
Skrevet av Sverre Skram Vatne
Mandag 5. januar 2009 kl.16:29
Historia byrjar våren 1961, nærmare bestemt 16. april. Juventus-Inter, bitre rivalar i kampen om Lo Scudetto. Eit fullsatt, og litt til, Stadio Communale i Torino og vinnaren ville ligge særs godt an til å vinne Serie A 1960/61. Slik skulle det ikkje gå, hordene av tilskodarar klarte ikkje halde seg unna bana og kampen måtte avbrytast etter omlag ein halv time.
Så langt så greit. Inter vart tilkjent sigeren og det symbolske resultatet 2-0 av FIGC. Juventus var sjølsagt ikkje nøgd med dette og anka avgjersla sjølv om FIGC hadde handla etter normen. Svaret kom den tredje juni, dagen før den siste og avgjerande serierunda. CAF, kor Juventuspresident Umberto Agnelli var president, hadde gjort om avgjersla, omkamp var det som skulle til for å avgjere seriemeisteren i Italia. Dette avgjorde i praksis meisterskapet til Juventus’ fordel, og klagene hagla naturleg nok i retning alt og alle frå gamle Moratti, faren til dagens Moratti, som var sjef i Inter.
Etter den siste serierunda, der Inter utruleg nok klarte å tape for Catania, og Juventus hadde vunne sin 12. Scudetto, bestemte Moratti seg for at Helenio Herrera kun fekk lov til å ta med seg spelarar under 19 år til omkampen. Då fekk ein følgande lag frå dei to klubbane,
Juventus:
Mattrel; Emoli, Sarti; Boniperti, Cervato, Colombo; Mora, Charles, Nicolè, Sivori, Stacchini
Inter:
Annibale; Riefolo, Tacchini; Morosi, Masotto, Dalmaso; Manini, A. Mazzola, Fusari, Guglielmoni, Ghelli
Ingen Facchetti, Picchi, Corso, Firmani, Angelillo eller Buffon for Inter med andre ord, men legenda Alessandro Mazzola fekk sin første kamp for Inter denne dagen.
For Juventus’ del vart dette Bonipertis siste kamp. Han sa etter kampen at gutane ikkje hadde tenkt å vere slemme med dei unge Interspelarane, men at Sivori jakta på Gullballen og at det ikkje var råd å stoppe han i å gjere mål. Då gjekk det slik det måtte gå. Etter 17 minutter sto det allereie 3-0, og alle måla var signert argentinaren, han avslutta også målkalaset med eit straffemål i det 90. minutt. Det var Mazzola som fekk æra av å ta Inters straffe og gjere deira einaste målet. Allikevel, Mazzola til sides, Sivori laga heile seks mål i denne kampen, noko som er rekord, ikkje berre i Juventus, men også i Serie A-samanheng. Dei andre måla var eit sjølvmål og eit kvar av dei to Brunoane, Mora og Padovaguten Nicolé.
Dette var altså kampen som starta det kjente og kjære rivaleriet mellom Bianconeri og Nerazzurri. I tillegg var det kampen då Sivori gjorde seks mål, det var legenda Bonipertis siste kamp, Interlegenda Mazzolas første. Det var dagen då Juventus slo Inter 9-1…
Forza Juve!