Nyhende


Skrevet av Sverre Skram Vatne
Torsdag 9. oktober 2008 kl.16:32

Medan Juventus sine stjerner er ute og leikar seg med sine respektive landslag eller ligg heime på sofaen og ventar på at helvete skal bryte laus mot Napoli og Real Madrid dei neste vekene, svirrar ryktene om klubben som aldri før. Her er noko av det som har kome fram den siste veka.

Juventus er visstnok i ei krise. Dette får all verdas nettaviser og papiraviser og andre aviser til å freista seg frampå med sine forslag til kven som skal ta over etter Claudio Ranieri. Dei gamle kjenningane Antonio Conte og Ciro Ferrara er nemnt. Ein av nyhendeformidlarane sine favorittar den siste veka har vore Liverpool sin spanjol Rafael Benitez. Den kanskje raraste kandidaten er franskmannen Didier Deschamps som vart avskjediga rett før opprykket i 2007. I tillegg er sjølvsagt dei obligatoriske Marcello Lippi, Cesare Prandelli og Luciano Spalletti nemnt.

Styret i klubben har kome med den obligatoriske meldinga om at trenaren er freda.

—-

Ein annan faktor i krisa er sjølvsagt alle skadene i klubben. Portugisaren Andrade er som alltid skada, medan både Zebina og Zanetti har vore sakna heile sesongen. For ei lita stund sida måtte Trezeguet opererast, og han er ute av spel til over nyttår. Dei nye på sjukestua er Buffon, Chiellini, Legrottaglie, Mellberg, Camoranesi og Iaquinta.

Korleis skal no dette gå?

—-

Etter dei heller middelmådige resultata den siste tida har kritikken kome attende mot Alessio Secco og hans strabasar på ovegangsfronten i sommar. Nyankomne Poulsen og Mellberg har fått kritikk, og trenar Ranieri har forsvara kjøpet av dansken, og uttalar at han er mykje klokare og kjappare i spelet enn Xabi Alonso, som visstnok var alternativet. I slike tider er det godt å vite at ein i tillegg har gamlingen Luciano Moggi som spreiar si eder og galle både i øst og vest. Han er sjølvsagt av den oppfatninga at han ville gjort alt så mykje betre. Dei heller omdiskuterte metodane han ville benytta treng verkeleg inga introduksjon.

—-

Sidan Juve er i slik ei krise, er det berre naturleg at ryktene om nye spelarar stig til overflata igjen. No skal visstnok Il Bianconeri kjøpe Daniel Braatens lagkamerat Jeremy Mathieu, han er fransk og forsvarar. I tillegg er tvilsomme typar som Dejan Stankovic, Luca Modric, Gilberto Silva[sic!], Christian Ledesma og Branislav Ivanovic meir eller mindre klare for klubben, om ein skal tru ryktespreiarane. Russaren Juri Zhirkov og ivorianaren Yaya Toure skal også vere på Juventus si handleliste. Og som om ikkje dette var nok skal Juventus kjøpe stort sett heile Fiorentina og den vesle Guiseppe Rossi frå Villarreal.

—-

Ei lita gladsak på tampen, kjelder i støvellandet hintar frampå om at den enda mindre Sebastian Giovinco skal ha vorte samd med Juventus om ei ny kontrakt som skal strekkje seg til 2013.

—-

Akk, kva ville Calcio vore senza una donna?

Buona Sera a tutti!

Forza Juve!