Meisterligaen


Skrevet av Sverre Skram Vatne
Tirsdag 26. august 2008 kl.22:32

Juventus er endeleg attende i Europas gjevaste klubbturnering, Champions League, eller Meisterligaen som han vert kalla på nynorsk. Etter tredjeplassen i Serie A stod kun slovakiske Artmedia i vegen for svart og kvit deltaking i denne sesongens turnering.

Dei regjerande slovakiske serie- og cupmeistrane måtte først opp på Stadio Olimpico di Torino, og vart slakta. Juventus gav seg ikkje før det stod 4-0 og oppgjeret var eigentleg over. Kampen i Bratislava skulle vere ein formalitet, og kveldens kamp synte at det var det.

Trenar Claudio Ranieri sendte desse elleve ut på Štadión Petržalka eit kvarter før ni, norsk tid,

Buffon; Grygera, Mellberg, Legrottaglie, Molinaro; Camoranesi, Poulsen, Marchisio, Nedved; Amauri, Iaquinta

13 minutt ut i kampen slo lynet ned i Bratislava. Ikkje bokstaveleg tala, men i overført form, som i at heimelaget tok leiinga. Fodrek laga eit fantastisk mål då han sende ballen i nettet bak Buffon med ein volley etter innlegg fra høgre. Tilhengarane var i ekstase og såg for seg ein ny skrell som i 2005 då dei sende Celtic ut av Champions League. Allikevel, Juventus si utlikning skulle ikkje vente på seg. Kun 11 nye minutt var spelt då Nedved la eit innlegg perfekt på skallen til den nye brasilianaren Amauri, og uavgjort var ein realitet.

Il Bianconeri vann 5-1 samanlagt og er atter ein gong klar for gruppespelet i Champions League. Trekninga for dette gruppespelet skjer på torsdag og Juve vil stille på trekningsnivå to eller tre, avhengig av kven som tek seg vidare i dei andre oppgjera. Juventus har alltid prestert i den gjevaste klubbturneringa i Europa, og for fem år sidan var ein i finalen. På 90-talet tok Marcello Lippi laget til tre finaler på rad, med sigeren i 1996 som høgdepunktet. Siger vart det åg i 1985, men den finalen hugsar ein best av andre grunnar (j.fr. Heysel osb.).

Spelarane er sjølvsagt sultne på suksess i Europa, og erfarne menn som Buffon, Nedved, Camoranesi, Del Piero og Trezeguet har venta heilt sidan 2006 og oppgjera mot Arsenal på denne dagen. Dei er klare for å setje sitt preg på Europa og gjere alle Juventini stolte.

Ein vonar dei er i stand til det!

Forza Juve!