BuffonElsker » 30 Mar 2010 16:04
Dei fleste i Brann bør finne seg noko anna å gjere på. Dei signerte ei ny 4års kontrakt med ein mann som er heilt elendig, sliter spelemessig kamp etter kamp, solgte ein av dei beste midtstopparane i Tippeligaen til eit nyopprykka lag, var nesten heilt inaktiv i overgangsvindauget.
På papiret skal Brann ha eit godt lag, men det ser jo ut som om dei er eit usamspelt smågutelag. Dei har jo ikkje noko plan angrepsmessig - der dei for øvrig satsar alt på spelerar som Huseklepp, Guastavino og Erik Mjelde skal gjere jobben.
Håkon Opdal - Ein av få Brannspelerar som held bra nivå.
Birkir Sævarsson - Gått ut på dato. Elendig.
Cato Guntveit - Trufast Brannspelar, som har spelt på Brann lenge. Men, han har gått ut på dato.
Hassan El Fakiri - Elendig. Han var god for nokre år sidan, då han spelte i Monaco. No er han gått ut på dato.
O. Bjarnason - Ein god stoppar med god luftstyrke. Spelte godt med Sigurdson.
Bjørnar Holmvik - Venstrebacken.. Brukt meir tid foran speilet enn på fotballbana?
Rodolph Austin - Brann's svar på Felipe Melo. Han taklar hemningsløyst, pådrar seg ofte rødt kort. Tommel ned.
Erik Mjelde - Sonen til ein tidlegare Branntrenar og Brannspelar. Kan han bli like god i rødtrøya som faren var? Han hadde ein god sesong i Sandefjord, tida vil vise viss han floppar eller ikkje.
Gylfi Einarsson - Liker ikkje fyren. Greit han jobbar mykje, men kan han i det heile spele fotball?
Jan Gunnar Solli - Jobbar bra, trøkk i skuddet, god uthaldanheit. Ein av dei betre.
Petter V. Moen - God frispark- og innleggsfot. Bra teknikk.
Tijan Jaiteh - Lovandes midtbanespelar. Liker fyren. God defensivt, jobbar godt, god teknisk, bra kondis.
Eirik Bakke - Slenger med leppa, enormt temperement(lik Austin). Liker ikkje fyren. Viss eg må plukke ut kva han er god på, so må det bli det defensive. Han kjem frå Sogndal, synd ingen forstår kva han sei når han sleng med leppa.
Erik Huseklepp - Fantastisk spelar. Scorer mål, gode driblingar, god teknikk. Når han forlét Brann slit dei.
David Nielsen - Uryddig spelar som er stor i munnen han òg. Bra luftstyrke, elendig med ball i beina.
(Fullt klar over at det er fleire spelerar som er på Brann, men det er uvesentlig å sei noko om dei når dei ikkje får spele)
Brann har ein del rappkjefta spelerar, og gjennomsnittsnivået til spelerane er lavt. Dei har nokon gode spelerar, men altfor mange som er klart dårlegare. Dei må kjøpe to gode spelerar, ein stoppar og ein back. Kanskje ein sentral midtbanespelar som har offensive kvalitetar òg. Men so kjem spørsmålet om økonomien til Brann er god nok. Dei har ingen god økonomi, dei måtte blant anna selje nokre spelerar for å halde økonomien i sjakk - og fleire blir det. Dei har ein god trenar, som er sikkert mykje meir nervøs enn kva han skal ha det til.
Nei, uff. Brann har rakna i stykke - i likhet med Juve, trist å sjå på.
Quando guardo dentro il mio cuore, vedo un logo Juventus.
Vinci per noi, magica Juve!